22. juli-markering på Osterøy
Korte videoar
I år er det 15 år sidan terroråtaka i Oslo og på Utøya. Dette vart markert på Osterøy ved minnesmerket utanfor rådhuset.
Mange møtte opp for å minnast dei 77 som miste livet 22. juli 2011, og særleg Tarald Mjelde og Tore Eikeland, som begge vart drepne på Utøya. Gjennom talar og ei stille markering vart dei heidra, og bodskapen om å stå saman mot hat og ekstremisme stod sentralt.